Hjem
Senter for digitale fortellinger
Nyheit

Skal forske på historiene kunstig intelligens fortel

Det europeiske forskingsrådet tildeler Jill Walker Rettberg eit ERC Advanced Grant for å sjå korleis ulike forteljartradisjonar påverkar framtidas KI.

Jill Walker Rettberg
Foto/ill.:
Eivind Senneset, UiB/CDN

Hovedinnhold

Professor Jill Walker Rettberg ved Universitetet i Bergen og Senter for digitale forteljingar (CDN), er tildelt eit ERC Advanced Grant for prosjektet AI STORIES. Dette er Rettbergs andre ERC-prosjekt.

– AI STORIES-prosjektet bygger på grunntanken om at historieforteljing er sentralt i menneskeleg kultur, og at forteljingar formar forståinga vår av verda. Vi skal sjå på kunstig intelligens og korleis det skapar nye historier, seier Rettberg.

Generativ KI har blitt kalla ei stokastisk papegøye, statistiske språkimitatorar som ikkje forstår språket dei sjølv produserar. AI STORIES foreslår at store språkmodellar (LLM), som formar grunnsteinane for teknologi som ChatGPT, er meir påverka av djupare forteljarstrukturar enn tidlegare anerkjend. For å passe på skeivheitene i kunstig intelligens må vi sjå på dei underliggande narrativa i treningsdata, heller enn berre statistisk nærheit mellom ord og bileter.

Var det verkeleg kjærleik ved første klikk då Microsoft sin AI-chatbot erklærte sin kjærleik til ein journalist i 2023? Truleg ikkje. Generativ KI er, trass alt, eit statistisk spel, og ikkje verkelege kjensler. Denne nye forskinga vil blant anna teste hypotesa at KI-en sa «I love you» fordi den er trent opp på så mange av våre sci-fi-historier der kunstig intelligens får samvit og menneskelege kjensler.

Petter Helgesen og Benedicte Løseth i Forskingsrådet overleverer SFF-plakett til senterleiarane Scott Rettberg og Jill Walker Rettberg.

Senter for digitale forteljingar opna i 2023 og vil huse forskingsprosjekt med tildelingar frå det europeiske forskingsrådet, Norges Forskingsråd, Trond Mohn-stiftelsen, med fleire.

Foto/ill.:
Jessie van Balkom

KI-historier er våre historier

Tidlegare har Rettberg snakka om korleis KI kan erstatte eller straumlinjeforme historier frå nokre forteljartradisjonar, som norske Folk og Røvere i Kardemomme by:

– Historia er meir enn ei delt kulturell referanse – den støtter det norske strafferettssystemets prioritering av rehabilitering framfor straff. Ulikt Disney-filmar, med eintydige skurkar som blir straffa på slutten, og frå Hollywood-bankran og gangsterfilmar som glorifiserar kriminelle.

Prosjektet vil undersøke tilfeller i skandinavisk, australsk og indisk eller nigerianske narrative, og kontrastere dei med dei dominerande amerikanske og engelsktalande narrative i dei store språkmodellane.

– Generativ KI kan godt ende med å gravlegge historier som Kardemomme by ved å fylle chatbot-svar og søkeresultat over heile verda med homogeniserte amerikanske forteljingar, seier ho.

Ein ny narratologi for KI

– Eg trur det vi trenger er ein ny narratologi, for å sjå korleis forteljarteori kan bli brukt når vi utviklar og brukar KI, seier ho.

Denne nye narratologien vil kunne opplyse politikarar, utviklarar og undervisarar på retninga KI tek i framtida.

Noverande store språkmodellar har hovudsakleg blitt utforma av informatikarar og lingvistar, men Rettberg meiner at narratologar kan bli vel så viktige for det komande KI-utviklinga. Ho og kollegene hennar ynskjer å samarbeide med ulike KI-utviklarmiljø.

UiBs 50. ERC-prosjekt

– Jill er ekstremt dyktig i sitt fagfelt, og vi er spesielt stolte av at ho har greidd å oppnå personleg suksess samstundes som ho har bygd opp eit eksepsjonelt forskingsmiljø, seier dekan Camilla Brautaset vet Det humanistiske fakultet.

Ho legger til at sjølv om ERC Advanced Grant primært handlar om grunnforsking, gir Jill dette en ekstra dimensjon ved å vise kor aktuell og relevant humaniora kan være.

– Eg gratulerer Jill Walker Rettberg som stadfestar at ho er internasjonalt i øvste divisjon i sitt felt, kva gjeld både kvalitet og originalitet, og ein stor inspirasjon for andre på UiB, seier rektor Margareth Hagen

Med Rettberg sitt prosjekt har forskarar ved Universitetet i Bergen til no fått innvilga heile 50 ERC-prosjekt i perioden 2010-2024. Rektor viser til at satsinga på gode søknadar og gjennomføring av ERC-prosjekt har vore sterk i fleire år, og vil halde fram:

- Eg vil og takke forskarane, leiarane og det særs kompetente støtteapparatet ved UiB som har arbeidd hardt for å få dette til. Desse gode resultata er inspirerande, og vi arbeider systematisk for å få fleire til å søke ERC i åra som kjem, avsluttar ho.

1 av 255 blant 1829 – sterk konkurranse internasjonalt

Rettberg er éin av 255 utvalgte framifrå forskarar i Europa til å motta denne tildelinga, skriver det europeiske forskingsrådet i ei pressemelding.

1829 søknader vart sendt inn og vurdert av grupper av internasjonalt renommerte forskarar. Tildelingane er blant EU sitt mest prestisjefylte og konkurransedyktige, som gir forskarar moglegheita til å arbeide for ambisiøse nysgjerrigheitsdrivne prosjekt som kan leie til vitskaplege gjennombrot.

Dei nye tildelingane er ein del av EU sitt Horizon Europe-program.