Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Kunsten å få teaterspråket til å verke naturleg

Ragnhild Gjefsen disputerer 23.2.2024 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga «Naturleg nok: Naturlegheit og sosial variasjon i norsk scenespråk på 1900-talet».

Hovedinnhold

Skodespelarar på scena eller TV blir ofte dømde på om vi synest replikkane deira høyrest naturlege ut eller ikkje. Men kva er det eigentleg som avgjer om planlagt scenespråk framstår naturleg? Gjefsen har undersøkt korleis eit utval norske skodespelarar frå 1900-talet bevisst har forma språket sitt for å få det til å ikkje verke innøvd.

Scenespråk er lite behandla og omtala i vitskapeleg samanheng. Arbeidet gir ny innsikt i eit sentralt element i norsk teater og tilbyr ein mogleg inngang for å undersøke planlagt språk i teatervitskapen og språkvitskapen.

Avhandlinga viser korleis scenespråket er ein viktig inngang til å forstå kva som verkar naturleg i teateret. Sjølv om det er lett å tenke at scenespråk verkar meir naturleg i nyare teater enn i gamle opptak, viser undersøkingane at det ikkje er mogleg å seie at språket blir «meir naturleg» over tid. Snarare kjem naturlegheit i språket til uttrykk på ulike måtar gjennom tiåra ved ei stadig endring av fokus og strategiar.

I avhandlinga kan ein lese om korleis skodespelarane i utvalet har brukt bestemte språktrekk for å gi publikum informasjon om sosiale forhold i framsyninga. Småord som «lissom» og «all right» blir til dømes brukt for å markere nokre karakterar som yngre enn dei andre, medan det å omtale folk som «herr» og «fru» peiker på status. Sjølv om dei fleste karakterane snakkar Oslo vest-mål, gir det ikkje belegg for å konkludere at scenespråket var konservativt av den grunn.

Gjefsen har analysert scenespråket i åtte utvalde framsyningar i perioden 1937–1999. Eksempla er henta frå Nationaltheatret og NRK, blant dei fire versjonar av Et dukkehjem. Alle framsyningane er kjenneteikna av ein psykologisk-realistisk spelestil, ofte forbunde med Ibsen-oppsettingar, og særs vanleg i norsk teater. Eit sentralt grep har vore å ta i bruk sosiolingvistiske verktøy for å analysere scenespråket. Metoden som er utvikla i avhandlinga, kan tilpassast ulike prosjekt og analysar av ulike former for scenespråk.

Personalia

Ragnhild Gjefsen (f. 1986) er rådgivar i Kulturdirektoratet, som del av faggruppa for scenekunst i avdeling for kunstnarleg produksjon og formidling. Ho har sin master i teatervitskap frå Universitetet i Bergen. Gjefsen sitt stipendiat vart utført ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium ved same universitet. Hovudrettleiar har vore Keld Hyldig og birettleiar Agnete Nesse.