Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Sebrafisklarver som modelldyr i forskinga på myeloid kreft

Jan-Lukas Førde disputerer 23.2.2024 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "The Zebrafish Larva as a Model System for Myeloid Malignancies".

Hovedinnhold

Myeloid kreft er ein gruppe av kreftsjukdomar som rammar dei myeloide stamcellene i beinmargen. To døme på slik kreft er akutt myeloid leukemi (AML) og dei myelodysplastiske syndroma (MDS), som begge spesielt råkar eldre personar og som ofte har dårlege prognosar. For å utvikla nye behandlingar mot desse sjukdomar trengs forsking på forsøksdyr som representera mennesket før legemiddelet kan bli testa i kliniske studiar. Larvene til sebrafisken er særskildt eigna som modelldyr tidleg i denne prosessen. Dei er små og transparente, og kan difor gje unikt innsyn i funksjonsmåte og toksisitet til nye legemiddel.

Førde har i løpet av doktorgradsprosjektet jobba med å vidareutvikla sebrafisklarvemodellen og nytta denne til å undersøka eit potensielt legemiddel til behandling av AML, og korleis val av produksjonsmetode kan påverke toksisiteten til ein legemiddelberar.

For å oppnå betre utbyte frå forsøksdata utvikla Førde ein programvare som analyserer mikroskopbilete av sebrafisklarvar og kartlegg storleiken og posisjonen til transplanterte kreftceller. Ved hjelp av denne programvara vart det potensielle AML-legemiddelet EHop-016 undersøkt. Her vart det funne ein forsterkande effekt på den eksisterande behandlinga, noko som er lovande for framtidig bruk av dette stoffet. Sist blei to produksjonsmetodar for legemiddelberaren grafén undersøk. Det vart demonstrert at ein ny metode som eignar seg betre til produksjon i storskalagav eit materiale med mindre effekt på det medfødde immunsystemet til sebrafisklarvene.

Samla har dette prosjektet bidratt til å utvikla nye metodar for å forska på, og utviklinga behandlingar mot myeloid kreft. Programvara som blei utvikla kan gi eit verdifullt bidra til anna forsking på denne kreften, men også andre kreftformer som er kompatible med sebrafisklarvemodellen. Vidare har prosjektet fremja kunnskapen om legemiddelkandidaten EHop-016 og legemiddelberaren grafen.

Personalia

Jan-Lukas Førde har ein bachelorgrad i nanoteknologi, og master i nanovitskap med fokus på biomedisin, frå Universitetet i Bergen. I januar 2020 begynte han på sitt doktorgradsprosjekt ved klinisk institutt 2 med Lars Herfindal som hovudrettleiar og Astrid Marta Olsnes som medrettleiar.