Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Gamle salmar i ny drakt

Vigdis Berland Øystese disputerer 12.4.2024 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga «Kyrkjeleg biletbruk. Eit studium av den norske kyrkjesalmen».

Hovedinnhold

Eldre salmar har ofte gjennomgått store endringar før dei når ei moderne salmebok. Stundom er skifta små og gjeld kanskje først og fremst rettskriving og nokre ord som har gått ut på dato. Andre gonger er teksten nesten ikkje til å kjenna att om ein blar frå den eldste til den yngste versjonen.

I doktorgradsarbeidet sitt har Vigdis Berland Øystese studert tekstendringar i om lag 80 salmar frå Kingos salmebok (1699) i fire sentrale norske salmebøker: Landstad (1870), Nynorsk (1925), Landstads reviderte (1926) og Norsk Salmebok (1985). Eit gjennomgåande trekk er at salmebøkene får fleire nummer samtidig som salmane blir stadig kortare. Når strofer blir fjerna eller skrivne om, vert biletbruken i salmen endra. Bilete som kan oppfattast som støytande på noko vis, blir gjerne avslipte eller fjerna. Det kan til dømes gjelda utpensla lidingsskildringar eller erotisk biletbruk. Ofte blir konkrete og assosiasjonsskapande referansar borte, medan meir av teologisk innhald og språk blir vidareført, styrkt eller fornya.

Eit funn i studien er at mennesket trer meir i framgrunnen gjennom revisjonane, ein tendens som vert tydelegare i nyare salmar. Mykje av biletbruken i dei gamle salmane er henta frå Bibelen. Det er få referansar til lokale eller dansk-norske forhold. Men i somme av revisjonane, kan ein sjå teikn på meir heimleg biletbruk. Ikkje minst gjeld dette dei nynorske omsetjingane som byrja koma i andre halvdelen av 1800-talet. Med dei nynorske salmane kom også ein ny klangrikdom inn i salmane. Northrop Frye: The Anatomy of Criticism (1957) har bidrege med teori og metode for arbeidet. I tillegg spelar både typologiske tolkingsmåtar og mellomalderens quadriga ei viktig rolle for arbeidet.

Personalia

Vigdis Berland Øystese er førstelektor i norsk ved NLA Høgskolen, avdeling for lærarutdanning. Ho er tidlegare tilsett i grunnskule og kulturskule, har nordisk hovudfag frå UiB og tre-årig musikklinje ved Bergen lærerhøgskole. Avhandlingsarbeidet har vore rettleidd av professorane Asbjørn Aarseth, Jan Inge Sørbø, Anna Bohlin og Oddvar Johan Jensen.