Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Seksuelt misbruk av barn i norsk strafferettshistorie

Siri Elisabeth Bernssen disputerer 19.4.2024 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "Framveksten av eit strafferettsleg vern av barn mot seksuelle krenkingar i norsk rettshistorie".

Hovedinnhold

Seksuelle krenkingar av barn vert i dag rekna til dei aller mest alvorlege brotsverka. Både nasjonalt og internasjonalt får slike overgrep stor merksemd, og det vert sett inn store ressursar på å avdekke førekomst og rettsforfølgje overgriparar. Om ein skrur tida tilbake 200 år, finn ein derimot at det ikkje eksisterte noko særskilt strafferettsleg regulering av seksuell omgang med mindreårige i Noreg. I tillegg var det usemje om kor vidt dei ordinære seksualstraffeboda i det heile kom til bruk der det var tale om omgang med barn.

Det overordna spørsmålet i avhandlinga er korleis og kvifor seksuelle overgrep mot barn har gått frå å vere eit meir eller mindre usynleg fenomen i Noreg fram til 1800-talet, til i dag å bli oppfatta som eit stort samfunnsproblem, og eit av dei mest alvorlege brotsverka i norsk strafferett. Spørsmålet vert drøfta gjennom ei analyse av fem større revisjonar av seksualstrafferetten mellom 1814 og 1992.

Dei ulike lovendringane vert vidare drøfta i lys av to overordna perspektiv. For det første er spørsmålet korleis utviklinga kan forståast i lys av grunnleggande normative førestillingar, særleg knytt til seksualitet. Idear om religiøs moral, samfunnsmoral og individuell autonomi har på ulike tidspunkt dominert seksualstrafferetten, og påverka korleis ein har vurdert ulike formar for seksuelle handlingar med barn. Det andre overordna perspektivet dreiar seg om kva rolle endringar i samfunn og samfunnsstrukturar og framvekst av nye samfunnsaktørar har spelt i utviklinga. I avhandlinga vert det vist korleis ulike institusjonar og aktørar – alt frå Høgsterett til kvinnesakskvinner – har vore avgjerande for dei ulike endringsprosessane.

Personalia

Siri Elisabeth Bernssen fullførte sin master i rettsvitskap ved Universitetet i Bergen i 2017. Ho vart tilsett som stipendiat same stad i 2019. Rettleiarar for doktorgradsprosjektet har vore professor Jørn Jacobsen (Universitetet i Bergen) og professor Jørn Øyrehagen Sunde (Universitetet i Oslo).