Hjem
Nye doktorgrader

Multiskala visualisering og studie av CO2 lagring i porøse medie

Malin Haugen disputerer 25.04.2024 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen: "Multiphase flow and physicochemical interactions during geological carbon sequestration"

Hovedinnhold

Karbonfangst og lagring (CCS) er ein teknologi som kan medverke til reduserte klimagassutslepp, som er eit uttalt mål frå verdas politiske leiarar. Klimagassen karbondioksid (CO2) er ein drivhusgass som bidrar til global oppvarming og klimaendringar. Formålet med CCS er å redusere utslepp av CO2 til atmosfæren ved at CO2 blir fanga, transportert og lagra trygt i djupe porøse geologiske formasjonar. Geologisk karbonlagring nyttiggjere seg av kjende prinsipp i fleirfasestraum der CO2 blir mindre mobil over tid grunna ulike lagringsmekanismar.

Visualisering av CO2-strøyming i porøse bergartar er viktig for å kunne undersøke fangst- og lagringsmekanismar. Gjennom doktorgradsarbeidet er det utvikla laboratoriemetodar som mogleggjer detaljerte undersøkingar av lagringsmekanismar på skala frå mikrometer til meter. 

I doktorgradsarbeidet er det nytta tre ulike avbildingsteknikkar for å visualisere og studere straumen av CO2 og påfølgjande reaksjonar og prosessar: 1) mikroskop med automatisk avbilding er nytta på mikromodellar for å studere det som skjer på pore-skala (mikrometer), 2) medisinsk avbilding på Haukeland Universitetssjukehus er nytta for å visualisere væskestraum inni ein kjerneprøve, og 3) det nyutvikla FluidFlower-konseptet med automatisk avbilding med digitalkamera er nytta for å fange strøymingsdynamikk på meterskala.

Personalia

Malin Haugen (f. 1987) har mastergrad i reservoarfysikk frå Universitetet i Bergen i 2012. Ho jobba som reservoaringeniør i seks år før ho starta på doktorgrad i reservoarfysikk ved Institutt for Fysikk og Teknologi, Universitetet i Bergen. Doktorgradsarbeidet er finansiert av Noregs forskingsråd gjennom prosjektet “Subsurface Carbonate CO2 storage and security” og Centre for Sustainable Subsurface Resources. Hovudrettleiar er professor Martin A. Fernø og medrettleiar er Dr. Bergit Brattekås.