Hjem
Polyfon kunnskapsklynge for musikkterapi
Kvifor musikk – i kvardag og klinikk

Polyfon-konferansen 2024

Kva gjer musikken med oss og kva kan vi gjere med musikk? Polyfon-konferansen 2024 vil løfte fram ulike perspektiv på kva musikk kan vere og knyte dette til sentrale utviklingstendensar og utfordringar i dagens samfunn.

Polyfon-konferansen 2024
Foto/ill.:
Polyfon

Hovedinnhold

Polyfon-konferansen 2024 går av stabelen 7. november. Konferansen er eit samarbeid mellom Polyfon, UiB og Høgskulen på Veslandet, og vi er nok ein gong så heldige å få ta i bruk dei fine lokala til HVL på campus Kronstad. Konferansen blir gjennomført med bidrag frå L. Meltzers Høyskolefond.

Konferansen er open for alle interesserte. Konferansedeltaking er gratis for brukarar og bidragsytarar og for alle som er tilsett eller student hos ein av Polyfons 15 klyngedeltakarar.

Tema for konferansen

Kva gjer musikken med oss og kva kan vi gjere med musikk? Polyfon-konferansen 2024 vil løfte fram ulike perspektiv på kva musikk kan vere og knyte dette til sentrale utviklingstendensar og utfordringar i dagens samfunn.

Program

Konferansekonferansier i år vert Astrid Kvalbein, rektor ved Noregs musikkhøgskole.

Det blir fire plenumspresentasjonar på årets konferanse. Sjå her for meir informasjon om føredragshaldarane.

Hvorfor er musikk så viktig for oss mennesker?

ved Nora Bilalovic Kulset.

Musikkterapi i tvungent psykisk helsevern: et samspill på kanten?

ved Oda Dypvik Bjørke og David Galea.

Brukermedvirkning i forskning – Forutsetninger for godt samarbeid

ved Anne Blindheim.

Etter presentasjonen: paneldiskusjon

Musikk og helse i barn og unge sin oppvekst: Perspektiv på tverrfagleg samarbeid

ved Kaja Elise Enge, Charlotte Johannesen, Christine Langeland og Merete Hoel Roaldsnes.

Innsending av forslag til konferansebidrag

Ønskjer du å bidra til programmet på konferansen? Vi søkjer no forslag til konferansebidrag, både til parallellsesjonane og posterutstillinga. Vi er interesserte både i forskingsbaserte, teoretiske og erfaringsbaserte bidrag, og ønskjer at konferansen skal skape dialog mellom brukarar, praktikarar, forskarar og leiarar. Les meir om call for paper, frist for innsending 1. juni.

Mini-festival

Også i år planlegg vi ein "mini-festival" i dagane rundt konferansen, med inspirasjonsdag, konsertar og arbeidsseminar, i tillegg til sjølve Polyfon-konferansen:

Merk: Med tanke på tilreisande frå ulike delar av landet, startar Polyfon-konferansen først kl. 10.00. Dørene opnar 09.30. Kom gjerne tidleg for ein kopp kaffi og ein prat!

Kursgodkjenning

Polyfon-konferansen 2024 søkjer Norsk psykologforening og Legeforeningen om godkjenning. Informasjon om eventuelle godkjenningar blir lagt ut fortløpande etterkvart som vi får svar på søknad.

Om Polyfon-konferansen

Polyfon-konferansen er ein årleg møteplass for inspirasjon, kunnskapsformidling, erfaringsdeling, dialog og diskusjon. 

Konferansen blir arrangert i november kvart år og samlar både brukarar, praktikarar, forskarar og leiarar.

Her inviterer Polyfon til ein mest mogleg open og tverrfagleg dialog om korleis musikk kan vere ein helseressurs både i terapi, miljøbehandling og kvardag.

Konferansen inneheld plenumssesjonar, parallellsesjonar og ein posterutstilling. Musikkinnslag høyrer sjølvsagt også med!

MEIR INFORMASJON OM POLYFON-KONFERANSEN